Kva er ekte, og kva er ikkje ekte? Finnast det ein «ekte» konsertoppleving, eller ein «ekte» studioinnspeling? Er begge like «ekte»? Eller kanskje ingen er «ekte»?
Igjen blir eg slått av tanken om at språk kamuflerer meir enn det bringer fram, som Nicholas Cook så fint skriv om notasjon i forhold til musikk. Ein kan på ein måte sjå på språk som lingvistikkens noter – ein slags representasjon av røynda som likevel ikkje er den faktiske røynda, men nettopp ein representasjon. Betyr det at språket er «uekte» eller «usann»; ikkje virkeleg, «uvirkeleg»? Vel, språket virker jo stort sett til sin hensikt, i den betyding at språket har ein nytteverdi. Eg kan f.eks. seie til eit korps at eg vil ha «meir tuba» (i eit bestemt parti), og alle skjønner at det eg vil ha er «sterkare lydstyrke frå tubaistene». Det er kanskje ingen som ville gått og skapt ein ny, større tuba («meir tuba»), eller hentet fleire tubaister inn til korpset. Men det var ikkje det eg eksplisitt sa. Og slik blir misforståingar til: avsendar Arne seier noko til mottaker Mona som har ein anna forståing av det som Arne eigentleg meinte.
Og då er me tilbake til byrjinga igjen: er det dét (det «ein eigentleg meinte») som er «ekte»? Vil «ekteheit» då vera avhengig av avsenders intensjoner framfor andres forståing? På ein side kan kven som helst til slutt seie «men det var jo dét eg eigentleg meinte». Kven kan avgjere om det er sant eller ikkje? Er det eigentleg berre tull å snakke – eller skrive – om kva som er sant eller ikkje, når språket i seg sjølv er ein representasjon av det som faktisk er ekte?
Det virkar som om alt eg tenker, seier og gjer, er arvet frå fortida, og frå utsida av meg sjølv; tradisjonar eg har erfart eller observert, som er blitt nedarvet sidan tidenes morgon. (Har eigentleg nokon av oss, nokon sinne, hatt ein atutentisk, «ekte» og/eller original tanke?). Og det vikar som om alt eg gjer her i verda er å tolke andres tanker, uttalingar og handlingar for å oppnå ein forståing av kva som er sant. Eg (og fleire) søker sannheten, men kan den overhodet finnast i språket? Kan «sannheten» heller finnast i handlingar, som musikkering?
– • – •)
`<3´
Add comment