• Home
  • Music
  • Videos
  • #Kvardagspsykedelika
  • Photos & Drawings
  • About

Curioustín

  • Home
  • Music
  • Videos
  • #Kvardagspsykedelika
  • Photos & Drawings
  • About
Back to all posts

Språk er ein Illusjon – «Musikk» er ein Illusjon 

Dagens lille, store tanke, og starten på ein spennende læringsreise og semesteroppgåve på musikkterapistudiet:

Ord, begrep – språk(!) – er ein illusjon. «Musikk» er dermed også er ein illusjon; denne idéen om at musikk er naturleg, og eit universelt språk. «Språk konstruerer røynda framfor å reflektere den» skriv Cook (1998), og «måten ein tenker om musikk på, påverker korleis ein lager musikk» (s. 14). Me har arvet ein viss måte å tenke og snakke om musikk på frå fortida (ein tradisjon), men er det virkeleg dét som er musikk? Er «musikk» dette produktet, dette objektet – estetisk kapital (repertoar) ein kan akkumulere, samle opp – denne tanken frå fortida som me snakker om, eller er «musikk» ein direkte, temporær oppleving ein skapar i ein sekvens av augenblink? 

Måten ein tenker og snakker om musikk på, vil eg påstå er relevant for alle som beskjeftiger seg med musikk på ein eller annan måte. Som utøver vil det påverke korleis ein ter og oppfører meg under ei framføring; ein kan veilede publikum til å vera med på å skape ein felles, aktiv oppleving framfor ein passiv ein. Det samme gjelder for ein som musikkterapeut; om ein tenker og snakker om musikk som produkt, vil ein antakelegvis utøve ein heilt annan musikkterapipraksis enn om ein tenker på musikk som oppleving eller aktivitet. 
       Nicholas Cook’s tekst er relevant fordi menneskje er ein organisme som legger stor vekt på å kommunisere gjennom eit (stort sett verbalt) språk, og alle ord og begrep som språket består av, kan forklarast av andre ord og begrep (meir språk). Men språket er ikkje den direkte opplevinga! Språket er eit slags mellomledd mellom den direkte opplevinga og den andres forståing. 

Er det me som definerer språket (og dermed også begrepa, orda og til og med tankene), eller er det språket (orda, begrepa, fenoména, tankene) som definerer oss? :) 

 

* * * 

 

Inspirert av underkapittelet «Words and Music» (s. 14-18) i kapittel 1 av Nicholas Cook’s (1998) bok Music: A Very Short Introduction.

 

* * * 
 

– • – •)
   `<3´

11/25/2020

  • Leave a comment
  • Share

in Philosophy, Norwegian

Leave a comment

Add comment

  • Please log in or register to include your contact info.
  • Edit profile
  • Log out
    Powered by Bandzoogle